BAKGRUNN:
I 2023 endra Instagram måten du kan vise Instagram-bilete på nettstadar. Viss du har ein WordPress-nettstad der bilete frå Instagram blir vist via innstikket Instagram Feed Pro, så må du med jamne mellomrom kople saman innstikket og Instagram-kontoen dykkar på nytt. Viss Instagram-feeden på nettsida ikkje oppdaterer seg kan du følgje trinna nedanfor. Og/eller. Når du t.d. er innlogga på WordPress-nettstaden klikkar på Instagram Feed, og ser. "Instagram Feed is encountering an error and your feeds may not be updating", så må du følgje rettleiinga nedanfor.

RETTLEIING FOR Å KOPLE INSTAGRAM FEED PRO TIL WORDPRESS-NETTSTAD:


Denne rettleiinga gjeld dersom det er sett opp Instagram Feed Pro på nettsida dykkar, slik at bilete frå Instagram blir vist på ei av nettsidene dykkar, t.d. slik:


Dette treng du før du startar:

  • Brukarnamn og passord til dykkar Instagram-konto.
  • Brukarnamn og passord til dykkar nettstad


Framgangsmåte steg for steg:

  1. Opne nettlesar på datamaskina på vanleg måte. (Du må ikkje bruke inkognito-modus eller privat nettlesing).

  2. Gå til https://www.instagram.com/ og logg inn på den kontoen du vil at nettsida dykkar skal vise bilete frå.

  3. Finn ut om dere har ein privat Instagram-konto, eller ein bedriftskonto.

    Viss du ikkje veit det finn du det ut slik:
    • klikk Mer eller More nede til venstre, og Innstillinger eller Settings:
      (Lukk eventuelt pop-up-vindauge om "Nå i kontosenter".)
    • Om du har gjort rett skal det stå Meta Kontosenter i toppen i den andre kolonna. Viss det eit stykke nede i kolonna står: For profesjonelle og Profesjonell konto, så er det Profesjonell konto (Business) du har *.
      Om du ikkje ser desse, men scrollar ned og ser: For profesjonelle og klikkar Kontotype og verktøy, og at det då i vindauget til høgre står: Kontotype og Bytt til profesjonell konto, då har du Personleg konto (Personal).
      Hugs kva kontotype diu har, du får bruk for det på punkt 8.

      * Om du har Profesjonell konto eller Business account:
      Viss dere har denne typen må du også logge inn på din Facebook-konto når du går vidare. Då er det viktig at du er administrator på bedrifta si Facebookside. Er du ikkje det må du ordne det først, og deretter kome attende hit.
      Viss dere ikkje har Facebook-side for bedrifta, og ikkje vil opprette det, må dere klikke på "Bytt til personlig konto" for å kunne bruke Instagram på nettsida
      .
  4. Logg inn på nettstaden dykkar. Gå inn på sida dykkar-nettstad.no/wp-admin (byt ut dykkar-nettstad med domenenamnet dykkar, t.d. for PEAK Sunnfjord blir lenka då peaksunnfjord.no/wp-admin).

  5. Når du har logga inn på nettstaden er du inne i Kontrollpanel. Klikk nede til venstre på Instagram Feed a),  og deretter: Settings  b).
    I feltet Manage Sources står det eit felt med namnet på dykkar instagram-konto. Klikk på bossbøtta c) for å slette koplinga.



  6. På spørsmålet "Delete "dykkar-instagramnamn"? klikk Confirm d).


  7. Klikk på Add source. (Deretter ser du kanskje teksten «Redirecting to connect.smashballoon.com» ei lita stund).


  8. Klikk på den kontotypen du fann ut at dere har på Instagram: Personal eller Business.

    Når du vel Personal:
    Klikk "Connect with Instagram" og deretter "Allow" og "Yes, it is my domain".

    Når du vel Business:
    Får du spørsmålet "Have you connected a Facebook account using this plugin before?", svar No. og deretter: Connect with Facebook. Logg inn på Facebook med din private brukarkonto og fortsett.

    På spørsmålet: Hvilke Instagram Business-kontoer vil du bruke med Smash Balloon Social? set kryss ved dykkar konto og klikk Neste.

    På spørsmålet Hvilke sider vil du bruke med Smash Balloon Social?
    vel du dykkar Facebook-side. Alle innstillingane skal stå på JA.
    Klikk Ferdig.
     
    Får du spørsmål om "Security Confirmation", så klikk "Yes, it is my domain".

  9. På spørsmål "Select an Instagram Account" vel dykkar konto og klikk Add.

  10. Og til slutt: "Save changes".

    Når du har utført desse stege skal Instagram-feeden på nettsida dykkar virke att med dei innstillingane som var sett opp før kontoen vart fråkopla.


Er dere kunde hos Mediebruket, og treng hjelp, er dere velkomen til å ta kontakt på support@mediebruket.no
NB! Det er kan hende begrensa kor mykje vi kan hjelpe, særleg viss dere har Business-konto hos Instagram, sidan dere då må bruke Facebook-kontoen dykkar for å kople tenestene saman.